Mostar&Me (originally hosted at mostar.me) is the informal chronicle of my adventures at United World College in Mostar, Bosnia-Herzegovina, from Sept. 2012 to May 2014. Originally created as a means of maintaining proficiency in the mother tongue and contact with the motherland, it grew into a collection of rather fond memories from two fantastic years, which I've decided to continue maintaining for the benefit of myself and possibly others.

Mostar&Me

Pakking

Om lag halvvegs i pakkinga

Etter å ha reist på ein månadslang ferie berre med ei pingle av ein kabinkoffert på totalt 10 kg. (til venstre), fann eg ut at backpackerlivet definitivt ikkje er for meg. Så då Anita ringte og lurte på om eg hadde lyst til å ha med to koffertar, var eg sjølvsagt ikkje vanskeleg å be.

Eg kjøpte koffertar på mandag, 2 stk. Samsonite Aeris av seriøsaste sort, som etter kvart vart ganske så fulle, etter kvart som eg kom til gjennomføriongsfasen av min nye pakkefilosofi: putt nedi det du finn av støff så lenge det er plass i kofferten. Så slik gjorde eg det. Overvekt, oh yes!

No er eg endeleg ferdig, og ting er pakka om slik at eg skulle vere like under sperregrensa.

Ein innrømmelse

Mest fordi eg kom heim frå Austlandet og ikkje kom på at eg skulle reise til Bergen før eg faktisk reiste til Bergen, enda det opp med at eg ikkje fekk sagt skikkeleg hade til alle eg hadde tenkt å seie hade til (sjølv om eg har sagt hade til veldig, veldig mange etter kvart).

Ei av dei eg rakk å seie hade til var Pudding, som reiste på utveksling til USA. Dette vart kombinert med eit sjukebesøk til til stakkars Espen saman med Jonas og Tarjei. Vi kjøpte sjølvsagt gåve til stakkaren: kven vert vel ikkje glad for ein pakke ekte, dansk First Price-rugbrød?

Ekte, dansk rugbrød, Foto: Sten Porse, CC BY-SA


For å bøte på det litt dårlege samvitet ein får av å reise på besøk til nokon midt på natta for å overrekkje dei ein pakke rugbrød, bestemte vi oss for å starte det store First Price-is-prosjektet, som gjekk som fylgjer:

  1. Vi kjøte ein tipakning med frys-sjølv-is (First Price, så klart!)
  2. Desse skulle leverast i postkassa til Espen i ein konvolutt. Ein kvar dag fram til skulestart.

Sidan Tarjei er den einaste av oss som bur nokonlunde nær fyren, enda det opp med at han tok leveringa. Mitt symbolske bidrag vart difor konvoluttproduksjon:

Konvoluttar til Espen


Konvoluttane kunne ikkje overleverast personleg av praktiske årsakar, og vart difor deponert på ein «lur stad», noko som viste seg å vere genialt, fordi nokon var der og rydda og kasta konvoluttpakken. Som førte til at Tarjei sendte meg ein melding, og Hege fann telefonen min. Booyeah!

Så viste det seg i etterkant at fam. Refsdal Thiem ikkje hentar posten så ofte som vi meiner dei burde, så det er framleis rikeleg med is til overs…

Overraskelsesbesøk hjå STD

Sidan eg ikkje fekk sagt skikkelg hade (eller gjennomført den berømte Happy «Birthday og Adios, Amigos»-festen min, var det ingen veg utanom å legge opp reisa slik at eg fekk snudd heimom og sagt hadebade til verdas mest fantastiske klasse!

Aking i gymmen sånn rundt juletider

 

Up in The Sky

Eller: Alt som kan gå gale på reisa. Del 1. Ikkje for å klage, altså…

Haukåsen

  1. Kjøpet av tilleggsbagasje er sjølvsagt ikkje registrert hjå Widerøe. Det at ein har fått kvitering (som ein viser fram) hjelp sjølvsagt lite.
  2. Badevekta var feil, så begge koffertane var overvekt likevel.
  3. Vakta finn «nåke skommelt» i kofferten min, så dei må sjølvsagt gjennom den. Det var ein av hengelåsane, ikkje vaffeljarnet (eller noko anna).
  4. Og sjølvsagt blir det rutinekontroll!

… men ein time seinare er eg trough check-in and security. På ein vanleg dag går dette på under fem minutt.

Oslo

Måndag ettermiddag

  1. Eg rotar meg vekk
  2. Norwegian har funne på at 20 kg. i kvar koffert er meir enn nok, og at overvekt kostar 69,-. Per kilo. Her blir det ompakking.

Tysdag morgon:

  1. Eg søv for lenge.
  2. Eg rekk ikkje å ete frokost .
  3. Eg rotar meg vekk.

Gardermoen

  1. Eg er alt forsinka.
  2. Eg mister den eine kofferten i rulletrappa. Eg spring neover trappa med den andre kofferten, for å få tak i den andre, som berre sklir lengre og lengre ned. Samtidig ramlar den andre oppå meg. Eg ramlar. I rulletrappa. Helvette.
  3. Tryggingskontrollen går over all forventning (didn’t see that coming, did yah?)
  4. Eg er svolten, så Anita og eg et pizza. Det er god tid til flyet, så alt er fint. Til fem minutt før boarding, og me finn ut at det er på tide å daffe til gaten.
  5. Vi må gjennom passkontrol!! Og vanlegvis er det tre folk her, no er det 200. Hormonellt hælvette! Whyy?

Final Call for Sjur Hamre and Anita Slemdal Skarpas for flight WF147 for Dubrovnik.

To be continued…

The Eagle has Landed

Tha aeroporte

Vi landa i Dubrovnik i totida, og vart møtt av det vanlege varmesjokket som ein treffer på når ein går ut av flyet og trer inn i det følk kallar «Syden». Dubrovnik har ein flott flyplass, og vi daffar bedagleg gjennom passkontrollen og bagasjeutleveringa.

Vi vart møtt av sjåføren vår, som tok oss med ut til Iida, den finske førsteåringen, og etter ein time med ulike forsøk på å stable den enorme mengda bagasje, fann vi ut at den einaste måten var å setje Beate i midten (Beate er den største av mine kjære Samsonite Aeris-koffertar), og å lesse meg ned med mindre sekkar i framsetet.

Og så bar det av gårde – i 140 km/t, på det som i Noreg (og her, i fylgje skiltinga) er 80 km/t, midt på vegen eit par timar (med ein del brå svingar når det kom bilar i motgåande køyrefelt), til vi endeleg kom fram til det som skal vere heimen vår dei neste to åra.

(For spesielt interesserte: resten av reisa gjekk greitt, utanom at vi mangla eit stempel i passet, som gjorde at vi ikkje fekk visa – men det er jo smådetaljar. Og ja, vi rakk på magisk vis flyet vårt – nett no elskar eg småbarnsforeldre med barnevogner).